Everyone you follow, wherever they post. Gigowl write-ups sit forward; posts from other services sit quieter.

  • Markus 🌱🧑‍🎤
    Zetlitz, Stavanger, 2. september
    Sida eg og mi trulova har forskjelleg musikksmak så går eg på ein del ymse konsertar med artistar eg egenleg ikkje likar noko særleg. Men Kaizers Orchestra leverte show! Sjølv om eg kunne dei færraste låtane frå før så var det god stemning, bra scenemagi, og flotte ljodar. Kjem sikkert til å høyre meir på Kaizers framover. (Kva slags Kaizers-fan er eg med «Dine Gamle Dager Er Nå» som favorittlåt?)

    Les heile

  • Markus 🌱🧑‍🎤
    Stadio Giuseppe Meazza, Milano, 3. juli
    Flott konsert frå Bruce Springsteen. Haldt koken i kokvarma i nesten tri timar. Fekk ikkje sett han direkte så mykje, sida me satt langt oppi San Siro, men det var store skjermar og høg ljod. Greitt å koma seg til og frå stadion frå sentrale Milano.

    Les heile

  • Markus 🌱🧑‍🎤
    Sogndal Kulturhus, Sogndal, 28. februar
    Gøy! Bandet spelte versjonar av videospel musikk mens me gjekk gjennom ei forteljing som blei skapt av bandet og publikum i lag gjennom nokre nøkkelpunkt. Bandet var veldig flinke til å halde opp stemninga. Det var morosamt og gøy. Kunne trengt ein litt sterkare start og avslutning.

    Les heile

  • Markus 🌱🧑‍🎤
    Vår Frue kyrkje, Trondheim, 17. januar
    Ragnhild Risnes har eg sett på tiktok i nokre år, eg forventa ikkje at eg skulle sjå ho her. Konserten fant eg tilfeldig når eg leita etter ting som skjedde i Trondheim. Fin stemme og bra klimpring på gitar. Gøye låtar i vinterkalde Trondheim. Eg har lite kjennskap til masse bak låtane, sida eg ikkje følgjer med på kva som skjer i nyheitsbiletet i Trondheim, men alikevel morosamt.

    Les heile

  • Markus 🌱🧑‍🎤
    Olavshallen, Trondheim, 17. januar
    Janove på piano i halvanna time var ikkje gale. Masse forskjellege låtar. Eg er ikkje så kjent med han som soloartist, så her var det masse eg ikkje kunne. Det kom alikevel dei aller mest kjente og finaste, og nokre bonusar frå Kaizes Orchestra. Janove var flink til å prate om låtane i mellom slaga. Han reiste seg og prata til oss. Me fekk vite historiane bak tekstane og melodiane. Noko som står igjen er at Bak En Sky Heim faktisk blei skrevet på ein halvtime, etter Janove ikkje klarte å skikkeleg sende sonen sin ut i verda slik han ynskja. Songen blei det som formidla hans råd og ynskjar. I tillegg var det ein flott rogalandsduo som varma opp og kora i på ein av songane til Janove. Edel har eg ikkje høyrd om før, men eg kjem til å prøve dei ut.

    Les heile

  • Markus 🌱🧑‍🎤
    Bergen kulturhus, Bergen, 10. januar
    Eg har lytta til Synne Sørgjerd i nokre år no. Båe i 2024 og 2025 var det hennes album og låtar som toppa lyttelistane mine. Dette var fyrste gong eg fekk høyre ho live. Eg var bekymra for at det ikkje skulle vera like bra live, men det var ei heilt søppel bekymring. Synne og bandet storspelte gjennom heile konserten. Frå start til slutt. Gitaristen Bror Brorson var spesielt bra. Han haldt stemninga oppe med dansing og morosamme kommentarar. Konserten hadde bra blanding av låtar med høgt og lågt tempo. På dei aller lågaste satt Synne Sørgjerd seg ute blant publikum på ein krakk. Det blei ein intim og fin oppleving. Dette er ein av dei gøyaste konsertane eg har vore på. Berre slått av artistar som har hatt MANGE fleire konsertar enn Synne Sørgjerd sjølv. Dette var tross alt hennes andre konsert som headliner! Eg gler meg til neste gong eg får sett ho. For no høyrar eg vidare på settlista.

    Les heile

  • Markus 🌱🧑‍🎤
    Astra Kulturhaus, Berlin, 20. mars
    Endeleg fekk eg sett Maisie Peters ordentleg! Eg såg ho i Drammen i 2024, men då var ho sjuk og sang berre så vidt akustisk med mest synging frå salen. Denne gongen var det fullt show. Fleire av favorittane mine blei spelte. Lost the Breakup er den låta, av alle låtar, eg har høyrd mest av så det var gøy å endeleg høyre ho live. Nokre artistar, som til dømes Kaizes Orchestra, er mykje betre live enn på scena. Det er ikkje like sant for Maisie Peters. Ho er ganske tru mot innspelingane sine, og det er ikkje veldig masse ekstragreiar. Likevel er eg strålande nøgd med denne konserten (som eg tross alt reiste 48 timar med tog på ei helg for å sjå!). Eg gler meg til neste turné, som kan bli fullt dedikert til albumet som kjem i mai.

    Les heile

That's the lot

You're caught up. The owl will wake you when doors open.