Markus 🌱🧑🎤 var på Astra Kulturhaus, Berlin, 2026-03-20
Astra Kulturhaus, Berlin, 2026-03-20
@markus Open
Endeleg fekk eg sett Maisie Peters ordentleg! Eg såg ho i Drammen i 2024, men då var ho sjuk og sang berre så vidt akustisk med mest synging frå salen. Denne gongen var det fullt show.
Fleire av favorittane mine blei spelte. Lost the Breakup er den låta, av alle låtar, eg har høyrd mest av så det var gøy å endeleg høyre ho live.
Nokre artistar, som til dømes Kaizes Orchestra, er mykje betre live enn på scena. Det er ikkje like sant for Maisie Peters. Ho er ganske tru mot innspelingane sine, og det er ikkje veldig masse ekstragreiar.
Likevel er eg strålande nøgd med denne konserten (som eg tross alt reiste 48 timar med tog på ei helg for å sjå!). Eg gler meg til neste turné, som kan bli fullt dedikert til albumet som kjem i mai.