Markus đ±đ§âđ€ var pĂ„ Bergen kulturhus, Bergen, 2026-01-10
Bergen kulturhus, Bergen, 2026-01-10
@markus Open
Eg har lytta til Synne SÞrgjerd i nokre Är no. BÄe i 2024 og 2025 var det hennes album og lÄtar som toppa lyttelistane mine. Dette var fyrste gong eg fekk hÞyre ho live.
Eg var bekymra for at det ikkje skulle vera like bra live, men det var ei heilt sÞppel bekymring. Synne og bandet storspelte gjennom heile konserten. FrÄ start til slutt.
Gitaristen Bror Brorson var spesielt bra. Han haldt stemninga oppe med dansing og morosamme kommentarar.
Konserten hadde bra blanding av lÄtar med hÞgt og lÄgt tempo. PÄ dei aller lÄgaste satt Synne SÞrgjerd seg ute blant publikum pÄ ein krakk. Det blei ein intim og fin oppleving.
Dette er ein av dei gÞyaste konsertane eg har vore pÄ. Berre slÄtt av artistar som har hatt MANGE fleire konsertar enn Synne SÞrgjerd sjÞlv. Dette var tross alt hennes andre konsert som headliner!
Eg gler meg til neste gong eg fÄr sett ho. For no hÞyrar eg vidare pÄ settlista.